Wednesday, April 23, 2008

Det var den dagen det passa med eit dikt.

Din veg
Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.
Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.
Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.

Olav H. Hauge

Sunday, April 6, 2008

Etter ei flott, stjerneklår og sein natt heima

Alt kan seiast på ulike måtar...

1. Stjernene lyser finast når det er mørkt.
2. Når det er mørkt, lyser stjernene finast.
3. Finast lyser stjernene når det er mørkt.

Kva likar du best? 1, 2 eller 3? Kvifor? Eller har du ein annan variant?

Saturday, March 22, 2008

"Der va kje sånn det sko vær, det va kje sånn det sko bli"

Dette er ei kjent strofa frå ein av Bjørn Eidsvåg sine tekstar som eg kjenner meg godt igjen i for tida. Store delar av påska har eg nemleg hatt to føter (ikkje at det er så spesielt...), men mine føter har ikkje sitt ut til å vera par! Eigentleg ganske upassande, både med tanke på den fine skituren som måtte bli avslutta så altfor tidleg, på grunn av eit dumt fall, og den fina påska me har hatt der eg har fått skiforbud:( Og eg som kjøpte meg nye telemarkski rett før påske... Dei står framfor bilen i garagen og lurer, rett som det er, på kva tid dei får leika seg i snøen. Eg kjenner det stikk litt kvar gong eg set meg i bilen og ser rett på skia.


Elles tykkjer eg at eg har fått gjort ein del i påska likevel, sjølv om det ikkje blei slik eg hadde tenkt. Eg har vore på slektstreff, skitur, vore på besøk både her og der, hatt besøk av gode vener, runne på akebrett i Kjetilstadlia, vore litt på jobb og kjørt litt taxi.

I går var forresten Cecilie og eg på G19 i Akdalskyrkja, eller me prøvde iallefall, men nådde ikkje heilt fram i tide.. Det hadde seg slik at sidan Cecilie var på jobb så kunne me ikkje klara å nå ei tidlegare ferga enn den klokka 18. Men me tenkte det gjekk greitt likevel, betre seint enn aldri, tenkte me. Lite visste me om at det var særs glatte vegar, snø og stor påskatrafikk, noko som resulterte i kø, kø og atter kø. Me brukte ein time frå Knapphus til Aksdal! Eg har aldri kjørt så lenge på førsta og andra giret nokon gong! At me i utgangspunktet var ute i dårelg tid hjalp jo ikkje, men dei hadde nå iallefall ikkje avslutta før me kom.

Alt i alt har påska vore kjekk, sjølv om ho ikkje vart slik eg hadde tenkt! Men nå er det 2. påskedag og dermed er der tid for å pakka saman og reisa tilbake til Stavanger. Denna påskedagen kjem alltid så fort...

Wednesday, March 5, 2008

Eg har

Eg har kjøpt meg nye telemarkski.
Eg har funne ut at fotball kan vera kjekt.
Eg har hekla meg mi første hua med SKRIKS-logo.
Eg har skrive kontrakt og skal flytta inn i Granneskleiva.
Birte har nye sambuarar i vente; Trine og meg.

Monday, February 18, 2008

Om å kryssa vegen...

Skal me hoppa over vegen her?, sa Birte.
Ja, det kan me godt, svara eg.
Birte gjekk over og lo.
To gutar lo òg.
Eg hoppa.