Sunday, May 20, 2007

Ingenting varer evig

er det noko som heiter, samtidig er det ingen regel utan unntak. Men dette høver vel best til regelen...

Det skjedd igjen! Bilen (til Einar) har ikkje vore heilt i orden.. Denne gongen var det ein bensinslange som var litt gamal og morken. Men den ordna eg i ettermiddag. Det er ikkje så lenge si den same bilen fekk seg ein bulk framme på ventre sida, av den grunn at eg møtte på ei dama som ikkje såg seg bakover i det ho skulle rygga og parkera:( Det er heller ikkje så lenge sidan me (mine sysken, Ashlee og eg) var i Sverige og fekk trøbbel med bensinpumpa..

Eg trur eg har dårleg innverknad på bilar og slikt:( Og eg har fått erfara at alt ikkje kan vera evig. Samtidig er eg blitt monaleg betre på å fiksa det som ikkje verkar! Kven skulle tru det! Så det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Men likevel likar eg det best når ting verkar som det skal!

Friday, April 27, 2007

"SNØMENNER I GRØN HÅ

Ingen hadde venta snøen
så tidleg.
Ungane drog ut kjelkar,
laga snømenner, bygde hus.
I dag er det sol og mildt att.
Snømennene står att åleine
og græt i grøn hå."
(Olav H. Hauge)

Djupt dikt eller ikkje? Forklar gjerne!

Diktet kom eg over i høve av lesing til eksamen under overskrifta:
"Teori om leseforståelse"

Uansett så har diktet vore sitt som:
"...passende lesestoff for nybegynnere - en tekst som andreklassingen vil forstå."

Friday, March 30, 2007

Kva har skjedd det siste året?

Sidan eg er ein ny bloggar tenkte eg at eg ville sei litt kva eg har gjort det sista året... Sidan det er snakk om ganske mange dagar og endå fleire sprell, seier det seg sjølv at eg ikkje kan seia alt eg har gjort. Men her kjem eit lite utval.

Mai: Eg reiste til Oslo (ein plass eg ikkje hadde vore sidan eg var ei lita jenta) for å besøka venner. Besøkte Kjersti, Olaug og Alyson. Alyson er amerikajenta på leit etter slekt, som eg møtte på bussen frå Sand til Osen og som ei lita stund seinare plutseleg stod på trappa mi heime og ville leiga seg ein plass å bu. Triveleg amerikanar. Og plutseleg fekk eg meg ei vennina:)

Juli: Det var bryllaup i Suldal. Søskenbarnet mitt Ole Martin og Marit vigde seg. Stolt forlovar, men artig at eg kjende brudgomen betre enn bruda;) Det må forresten seiast at mor til Marit (brud) sydde brudekjolen!
August: Landsleir for speidarar på Røros. Veka me hadde venta lenge på og den same veka me ikkje gløymer på lenge:D Utvida ordforrådet mitt med mølje.

Desember: Eg var "sjefskokka" (Eg var åleina så det var ingen å sjefa over...) i ein barnedåp og skulle henta og gjera klart eit koldtbord til folket kom heim frå kyrkja. Problemet var det at dei som skulle laga koldtbordet haddet gløymt det ut:( Jammen greitt at mor kunne hjelpa meg å laga viltgryta så fort som det berre gjekk an.

Desember: Traktoren vår, ein god gamal ford, var endleg klar for å koma heim, etter manfoldige månadar på Time Vidaregåande for reparasjon. Einar brukte tri timar frå Bryne til Stavanger og eg skulle så køyra den resten av vegen heim. Men hadde ikkje kome til sjukehuset ein gong før kløtsjpedala datt ned! Og då er det ikkje berre å køyra vidare.. Som ein helt trødde eg på bremsa for å kvela traktoren, men merka ikkje at det stod "Parkering forbudt" der eg stoppa, før det var for seint... Etter ein lang dag som starta med 8-timars eksamen i norsk, deretter kjefting av nabokona som meinte eg vekka heila nobolaget med traktoren så hadde eg mest lyst å berre setta meg ned å grina då kløtsjen gjekk sund... Men det ville jo ikkje hjelpa meg, så eg ringte fortvila heim til far... Han kunne ikkje hjelpa meg han heller. Men gjett kven som klarte å finna ut kva som var gale og ordna det! Eg måtte jo ringa til far igjen og då trur eg han forstod ganske fort at eg smilte frå øyra til øyra utan at han såg meg!
Eg brukte forresten bort i mot 10 timar frå Stavanger til eg var heima på Suldalsosen, inkludert halvannan time venting på ferga på Hjelmeland og reparering av traktoren i Stavanger.

Februar: Studietur til Israel. Men tenkjer eg kan laga eit eige innlegg om den ein annan dag.

Mars: Einar og eg reiste på besøk til Ashlee og Geir som bur på Tanum. Tenkjer eg lagar eit eige innlegg om turen ein gong seinare.

Wednesday, March 21, 2007

Må ha det, berre må ha det...

Nei, eg tenkjer ikkje på mjølk... Eg tenkjer på alt, slik generelt.. viss det går an då.. Altså, det eg meiner er at samfunnet er blitt slik at ein må ha alt!! Og ein kan liksom ikkje klara seg utan. Mobiltelefon, data, internett o.s.b., lista er uendeleg! (Eg er egentleg litt imot det, tru det eller ei..) Og i dag kom den dagen eg "trong" ein blog. Eller det vil sei at eg fekk ikkje skriva inn ein kommentar på blog'en til Tove utan sjølv å ha blog. (Grr.. Slikt burde vore ulovleg!!) Og si eg meiner at eg hadde noko fornuftig å skriva på den blog'en, så resulterte det i at eg også "måtte" laga meg ein blog. Så slik fekk eg meg blog! (Tippe at Trine er meir begeistra enn meg, hihi..(Ikkje at det gjer noko.))