Elles tykkjer eg at eg har fått gjort ein del i påska likevel, sjølv om det ikkje blei slik eg hadde tenkt. Eg har vore på slektstreff, skitur, vore på besøk både her og der, hatt besøk av gode vener, runne på akebrett i Kjetilstadlia, vore litt på jobb og kjørt litt taxi.
I går var forresten Cecilie og eg på G19 i Akdalskyrkja, eller me prøvde iallefall, men nådde ikkje heilt fram i tide.. Det hadde seg slik at sidan Cecilie var på jobb så kunne me ikkje klara å nå ei tidlegare ferga enn den klokka 18. Men me tenkte det gjekk greitt likevel, betre seint enn aldri, tenkte me. Lite visste me om at det var særs glatte vegar, snø og stor påskatrafikk, noko som resulterte i kø, kø og atter kø. Me brukte ein time frå Knapphus til Aksdal! Eg har aldri kjørt så lenge på førsta og andra giret nokon gong! At me i utgangspunktet var ute i dårelg tid hjalp jo ikkje, men dei hadde nå iallefall ikkje avslutta før me kom.
Alt i alt har påska vore kjekk, sjølv om ho ikkje vart slik eg hadde tenkt! Men nå er det 2. påskedag og dermed er der tid for å pakka saman og reisa tilbake til Stavanger. Denna påskedagen kjem alltid så fort...